Nye tal frå Helsedirektoratet sine nasjonale kvalitetsindikatorar viser at fleire MS-pasientar får tidleg høgeffektiv behandling, allereie ved diagnosetidspunktet. Andelen i 2021 var 88,1 % for heile landet – i 2022 var andelen auka til 95,9 %.
Av helseregionane isolert sett, har Helse Vest vore på topp begge åra, med 92,8 % i 2021 og 97 % i 2022.
– Dette er eit resultat av systematisk og langvarig arbeid for å få innarbeida dette i Nasjonale faglige retningslinjer og satsing på Norsk MS-register, seier leiaren av Neuro-SysMed, Kjell-Morten Myhr.
– Neuro-SysMed sin studie OVERLORD-MS er også med på å etablere praksis med tidleg oppstart av høgeffektiv behandling av MS, fortel han.
Målet med OVERLORD-studien er å undersøke om rituksimab har effekt og biverknader som kan samanliknast med okrelizumab, samt å studere effekt av behandlinga heilt frå sjukdomsdebut.
MS-registeret tok i 2022 initiativ til å utvikle nasjonale indikatorar som kan måle effekt/etterlevelse av nasjonale retningslinjer. Som statistikken viser, er det ein uønska geografisk forskjell i behandling av personar med MS i Norge. MS-registeret bidreg til arbeidet med å redusere desse forskjellane, ved å levere regelmessige resultat-oversikter til helseforetaka.

Gruppebilde av forskarane bak MS-registeret. Frå venstre: Jan Harald Aarseth, Tori Smedal, Stig Wergeland og Anne-Britt Rundhovde Skår. I tillegg deltek Håvard N. Henriksen. Foto: Ingvild Festervoll Melien.
Les meir her:
Statistikkane frå Helsedirektoratet
Om Norsk MS-register og Biobank